Åse Berit Skeie Ulltang (f. 1964) arbeider med collage og akrylmåleri. Gjennom dei tjue åra som ho har presentert arbeida sine, er det fargekomposisjonar som kan karakterisera kunstnarskapet, og ofte er det bilete i lyse klangar som publikum har fått oppleva. Ein tidleg utstilling hadde også «Lyse rom» som tittel. Bileta var abstrakte og hadde komposisjonar både i form og farge der felta overlappa både som opake og transparente formar, og i bakgrunnen var det i einskilde bilete spor etter maling som rann over lerret. Dette uttrykket med den kontrollerte komposisjonen opp mot det tilfeldige uttrykket, er eit formspråk som ho på ulike måtar har nytta og utvikla gjennom åra. Slik skapar ho også rom der den som ser dei kan gå inn og kjenne på fargegleda.


Det er difor til å forstå at ho skildrar sitt møte med hanji, det koreanske handlaga papiret, som eit materiale som tiltala henne spontant. Papiret har fleire kvalitetar som ho kan nytta til uttrykket sitt. Det innfarga papiret kan vera dekkande, men i collagar kan dei ulike laga vera transparente. Ho kan skjæra papiret i klåre formar, og riva i det slik at fibrane i papiret gjev levande liner i komposisjonen, og få fram dialogen mellom det kontrollerte og det tilfeldige. Åse Berit skaffa seg kompetanse i koreansk målarteknikk på rispapir dei åra som ho budde i Sør-Korea, og i utstillinga som ho hadde ved heimkomst i 2019 synte ho verk der ho kombinerte papircollagane med blekk påførd med pensel. Penselføringa gav ein dynamikk med energi og styrke til dei harmoniske papircollagane, ofte i eit samspel og nokre gongar i klår kontrast til collagane. Og relasjonane ein kan tolke inn i verka, jamstiller ho med relasjonar mellom menneske.


Ein serie av bileta kalla ho «nye landskap», og både fargar, former og penselføring ga dei ulike stemningar og uttrykk. Det er som vi kjenner klangen frå ein annan kultur, og kunstnaren ønskjer også å syna oss noko av den Koreanske kulturen, samstundes med at ho gjer uttrykket til sitt eige - i notid. Framstillinga av papiret hanji har tradisjonar som gjev eit imponerande tidsperspektiv, og framleis er det nokon som tek vare på denne handverkstradisjonen der ein nyttar den inste barken på det koreanske morbærtreet til denne papirproduksjonen som står det i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Papiret er dekkande, gjennomskinleg, mjukt, hardt, skjørt og samstundes sterkt. Åse Berit ser kvalitetane i materialet parallelt med kvalitetar i livet, og ho arbeidar med å gje visuelle uttrykk for eksistensen slik den er akkurat no.



Notid får og ein fin klangbotn i uttrykket om at silke kan vara i 500 år medan hanji kan vara i 1000 år. Dei svart/kvite bileta med penselføring kan og gje oss assosiasjonar til tidlege kulturar sine vakkert utforma skriftteikn. Slik kan tilskodaren lesa inn sine eigne tolkingar i bileta, og Åse Berit ønskjer oss velkomne til å gjera det, og ho gjev oss Halldis Moren Vesaas sitt dikt «NO» som ein følgjesvenn på vegen.


 

Ingebjørg E. Astrup

Kunsthistorikar

Tidlegare kultursjef i Os og fylkeskultursjef i Hordaland