CV


Åse Berit Skeie Ulltang (f. 1964) arbeider med collage og akrylmåleri. Gjennom dei tjue åra som ho har presentert arbeida sine, er det fargekomposisjonar som kan karakterisera kunstnarskapet, og ofte er det bilete i lyse klangar som publikum har fått oppleva. Ein tidleg utstilling hadde også «Lyse rom» som tittel. Bileta var abstrakte og hadde komposisjonar både i form og farge der felta overlappa både som opake og transparente formar, og i bakgrunnen var det i einskilde bilete spor etter maling som rann over lerret. Dette uttrykket med den kontrollerte komposisjonen opp mot det tilfeldige uttrykket, er eit formspråk som ho på ulike måtar har nytta og utvikla gjennom åra. Slik skapar ho også rom der den som ser dei kan gå inn og kjenne på fargegleda.


Det er difor til å forstå at ho skildrar sitt møte med hanji, det koreanske handlaga papiret, som eit materiale som tiltala henne spontant. Papiret har fleire kvalitetar som ho kan nytta til uttrykket sitt. Det innfarga papiret kan vera dekkande, men i collagar kan dei ulike laga vera transparente. Ho kan skjæra papiret i klåre formar, og riva i det slik at fibrane i papiret gjev levande liner i komposisjonen, og få fram dialogen mellom det kontrollerte og det tilfeldige. Åse Berit skaffa seg kompetanse i koreansk målarteknikk på rispapir dei åra som ho budde i Sør-Korea, og i utstillinga som ho hadde ved heimkomst i 2019 synte ho verk der ho kombinerte papircollagane med blekk påførd med pensel. Penselføringa gav ein dynamikk med energi og styrke til dei harmoniske papircollagane, ofte i eit samspel og nokre gongar i klår kontrast til collagane. Og relasjonane ein kan tolke inn i verka, jamstiller ho med relasjonar mellom menneske.


Ein serie av bileta kalla ho «nye landskap», og både fargar, former og penselføring ga dei ulike stemningar og uttrykk. Det er som vi kjenner klangen frå ein annan kultur, og kunstnaren ønskjer også å syna oss noko av den Koreanske kulturen, samstundes med at ho gjer uttrykket til sitt eige - i notid. Framstillinga av papiret hanji har tradisjonar som gjev eit imponerande tidsperspektiv, og framleis er det nokon som tek vare på denne handverkstradisjonen der ein nyttar den inste barken på det koreanske morbærtreet til denne papirproduksjonen som står det i ei særstilling når det gjeld styrke og haldbarheit. Papiret er dekkande, gjennomskinleg, mjukt, hardt, skjørt og samstundes sterkt. Åse Berit ser kvalitetane i materialet parallelt med kvalitetar i livet, og ho arbeidar med å gje visuelle uttrykk for eksistensen slik den er akkurat no.



Notid får og ein fin klangbotn i uttrykket om at silke kan vara i 500 år medan hanji kan vara i 1000 år. Dei svart/kvite bileta med penselføring kan og gje oss assosiasjonar til tidlege kulturar sine vakkert utforma skriftteikn. Slik kan tilskodaren lesa inn sine eigne tolkingar i bileta, og Åse Berit ønskjer oss velkomne til å gjera det, og ho gjev oss Halldis Moren Vesaas sitt dikt «NO» som ein følgjesvenn på vegen.


 

Ingebjørg E. Astrup

Kunsthistorikar

Tidlegare kultursjef i Os og fylkeskultursjef i Hordaland


Membership/medlem:

BKFH The Union of visual Arts in the county

NBK Norwegian Artist Union

Harding Puls Regional Art Association:   www.hardingpuls.no



Biletkunstnar. Måleri og collage.


Fleire år som fastbuande i Sør-Korea har inspirert meg til nye uttrykksformer. Eg har lært tradisjonell koreansk måleteknikk med blekk på rispapir og bruk av handlaga koreansk papir ; Hanji. Den særeigne teksturen, fargane og kvaliteten til Hanji dannar saman med energien og krafta i blekkstreken nye abstrakte bilete, i eit uttrykk der form og fargar er sette opp mot kvarandre i transparente lag.  Eg er opptatt av natur, samspel og endring, og arbeider intuitivt med å bryte ned og bygge opp. Drivkrafta er å utforske, våge å ikkje ha kontroll og vere open og undrande for det som oppstår. I tillegg til papircollage jobber eg med akrylmåling på lerret.


Visual artist. Painting and collage.


Several years’ residence in South Korea have inspired me to new forms of expression. I have learnt traditional Korean painting technique using ink on rice paper, and versatile use of the handmade Korean paper, Hanji. The Hanji`s unique quality, texture and natural colors together with the energy and power of the brush line, create new abstract images as form and colors are set up against each other in transparent layers. I am preoccupied with nature, interaction and change, and work intuitively with destruction and reconstruction. My driving-force is to explore daring to let go of control while being open to the new expressions emerging in the incontrollable. In addition to papercollage I also express artworks with acrylic on canvas.


Åse Berit Skeie Ulltang - Visual artist

Education / courses

2013-2014 Course in Korean brushpainting, Mr. Park, Geoje,Korea

1998-2000  Fine Art Education, Kunstskolen i Bergen, Norway

1998  School of drawing and painting, Bergen, Norway

1998  School of learning drawing outdoor , Gerd Frantzen Bergen, Norway 

1994  Summerschool in ceramics, Bjørn B. Pedersen, Norheimsund, Norway

1991  Artschool learning oilpainting, Terry N. Love and Craig  Flannagan,  Stavanger, Norway

 

Solo Exhibition

2022 Ryvarden Kulturfyr, Sveio

2021 "Å ana" Galleri Hagalid, Hjelmeland, Norway

2020  "Nærvær" Hardanger Kulturgalleri, Jondal, Norway

2020 "Tilvære" Galleri N. Bergslien, Eidfjord, Norway

2019 "Nye landskap", VOGNHALLEN, Os, Norway

2018 "Intuitive landscape" Gallery GEOJE, Korea

2004 "Games peolpe play" Galleri Trallala, Norheimsund, Norway


Group Exhibition

2024 Galleri VOX, 20 årsjubileum, Bergen

2024 "JUBEL", Harding Puls 30 år, Kabuso

2023 GIAS Geoje International Seomkkot Art Fair Samsung Hotel, South Korea

2023 17th Geoje Island Flower festival, Seomkkot Art Show, South Korea

2023 Ulsan International Art Fair, UIAF, South Korea

2022 "20 års jubileum" Galleri N. Bergslien, Eidfjord

2022  Fjord Pianorama, Eidfjord, Norway

2022 Utne Hotel, Kunstanneks, utsmykke rom, Utne, Norway

2021 Galleri Hagalid, Hjelmeland, Summer exhibition ,Norway

2021 Hordaland Kunstnersenter "BKHF Salong" , Bergen, Norway

2020 Olsvikutstillingen, Norway

2019 OddArt "Inspirert av Knudsen", Odda, Norway

2019 Busan Contemporary Artist Association, BCAA, Korea

2019 The 10th Gyeongnam International Art Fair GIAF2019, Korea

2018 "Qualia Landscape", Geoje, Korea

2018 ODDArT, Artfestival, Odda, Norway

2018 Busan Contemporary Artists Association (BBCA) International Exhibition, Busan City Hall Exhibition, South Korea  

2012 «Jubileumsutstilling» Galleri OZ, Os

2011 "Hvelv 1" , Oseana Kunst og kultursenter, Os

2011 «Grep»  – landskapskunst og kunstvandring, Fykse

2010 «SAMS» Hardanger Kunstsenter, Norheimsund

2008 "Hardanger Artists INSPIRED by Olav H. Hauge and Geirr Tveitt", Seoul Literature House, Korea

2008 “ Hardanger Artists INSPIRED by Olav H. Hauge and Geirr Tveitt", Trygve Lie Gallery, New York

2007 Galleri Syningen i Ål Kulturhus, HP juleutstilling, Ål 

2007 Galleri OZ, Jubileumsutstilling, Os

2006 Harding Puls i Galleri Trallala, Norheimsund 

2006 Sommarutstillinga Kunstlaget i Kvam, Norheimsund

2006 Agatunet, Sommarutstilling, Aga

2005 ”Himmel og hav”, Kunstkafe, Skudesneshavn 

2005 Galleri G. Guddal,  Rosendal 

2005 Fartøy Puls, HP Installasjon i vindauge, Norheimsund 

2005 ”Streif”, landskapsinnstallasjon, Reiseter

2005 Galleri Ryvarden, ”Sjikt”, Sveio

2005 Fjordborn, HP ustilling, Seattle og Nortfield, USA

2004 Galleri ”Kunst i Badet”, "Lyse rom", Alvøen 

2004 Utstilling Galleri Osebro, "Flyt",  Porsgrunn

2004 Harding Puls i Galleri N. Bergslien, Eidfjord

2004 Harding Puls i Galleri Athen,  Drammen

2004 Harding Puls inntar Ås, Ås Kunstforening, Ås

2003 Spor i landskap II, landskapsinstallasjon ,Tyssøy   

2002 Galleri OZ, "Blinkskot", Os 

2001 Galleri Finse, Performance, Finse

2001 Hordaland Kunstsenter, performance oginstallasjon, Bergen

2001 Galleri Voss, Performance, Voss   

2000 Månadens kunstnar, maleri og performance, Os

2000 Vedholmen Galleri, Lepsøy 


Project

2023 Artist in residence - Berlin

2012 Hardingtonar – Årets plakatkunstnar

2000 Bergen Internasjonale Kammermusikkfestival 2000   (Illustrasjon til plakat, flyers, program)

 

Purchase

2020  Eidfjord Municipallity

2018 Central Seafood, Geoje, Korea

2005 Krogshavn Omsorgssenteret, Langesund

2000 Bergens Skibsassuranseforening


Classes and workshops 

2019 Hanji Lighting Craft, Jonginaemoo Gallery, Seoul, Korea

2018 Hanji Handcraft, Shinchon Art Experience Center, Geoje, Korea

2018 Gyeongnam Cultural Arts Education Festival, Hapcheon, Korea

2016 Creativity Workshop, Outdoor Play, Seoul

2014 Childrens Art Camp in Samsung Electronics Leadership center, Seoul

2013 Creative work with cildren , The Norwegian Church i Okpo, Geoje

2013 "Skaperglede", Malekurs Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter, Os

2004-2007 Departmen manager in Galleri VOX/ Vågsbunnen fellesatelier, Bergen, Norway

2002-2005 Teacher in Artschool for Children, Os municipality, Norway

2002-2008 Manager Galleri OZ, Norway

2000-2001 Manager Vedholmen Galleri, Norway

2000 New York, study tour,  KIB



Membership 

BKFH, The Union of visual Arts in the county

NBK, Norwegian Artist Union

Harding Puls, Regional Art Association:   www.hardingpuls.no